(3) Det er berre mogleg å få opptak til éin didaktisk fagprofil.
(4) Yrkesfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-Y) har følgjande alternative opptaksgrunnlag:
profesjonsretta bachelorgrad og minimum to års relevant yrkespraksis, eller
fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, minst to års yrkesteoretisk utdanning og fire års relevant yrkespraksis.
(5) Allmennfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-A) har følgjande alternative opptaksgrunnlag
ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, eller
ein bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan bli erstatta av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Andre fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden, eller
ein bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden.
(6) Søkjarar som har bachelor grad og arbeidserfaring etter femte ledd, punkt b, eller ein bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd, punkt d, kan kvalifisere til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang til studium med oppstart våren 2030.
Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.