§ 7-8. Klage

(1) Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i denne forskrifta, kan klagast på, jf. forvaltningsloven § 28 til § 32. Klagefristen er 3 veker frå den dagen resultatet av opptaket er offentleggjort, eventuelt 3 veker frå tidspunktet ein har fått grunngjeving.

(2) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom nasjonalt samordna opptak, vert handsama av Nasjonal klagenemnd for opptak, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-2 og forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1.

(3) Klage som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 8-1 fjerde ledd og § 8-2, vert vurdert av nemnd for studentsaker Høgskulen på Vestlandet, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1 andre ledd.

(4) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, vert vurdert av nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-1.

Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-24-1858
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
50b000c870ca7411f7cb83d83be116f90bc3013d6781f948510cb047d0c999cf
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2025-11-20