(1) Styret, eller det organet styret nemner opp, kan gi utfyllande reglar og retningsliner innanfor ramma av denne forskrifta.
(2) Vesentlege endringar i opptakskrava for eit studieprogram skal vere klart for søkjarane minst eitt år før dei tek til å gjelde.
(3) Styret pliktar å opprette overgangsreglar i dei tilfella vesentlege endringar ikkje er gjort kjende for søkjarane i tide.
(4) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta, i samråd med fakulteta. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.
Endra ved forskrift 2 mai 2024 nr. 1446.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.