{
 "canonical_id": "sf-20041015-1338",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-overgangsreglar-til-tomtefestelova/",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": null
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "520114da50e3a32fddc62b77cb40e886459b92715fb0975f284c2b3443c87329",
  "retrieved_at": "2026-04-29T11:20:30.048320+00:00",
  "source_revision": "3d499af6bbf54fee7f8a80cdc1e213284feca295",
  "xml_hash": "7476166ccdc14fb28862b7e7454ba874cd9568ae19d3a2c2c0c87ab7811ec14b"
 },
 "ref_id": "forskrift/2004-10-15-1338",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-overgangsreglar-til-tomtefestelova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2004-11-01",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "\n# Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.\n\n## § 1.\n\nEndringane i [lov 20. desember 1996 nr. 106](lov/1996-12-20-106) om tomtefeste [§ 7](lov/1996-12-20-106/§7), [§ 32](lov/1996-12-20-106/§32), [§ 33](lov/1996-12-20-106/§33), [§ 34](lov/1996-12-20-106/§34), [§ 36](lov/1996-12-20-106/§36) første og andre ledd, [§ 37](lov/1996-12-20-106/§37) og [§ 38](lov/1996-12-20-106/§38) skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare.\n\n## § 2.\n\nRegelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare.\n\n## § 3.\n\nVed krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i § 7, § 32, § 33, § 34, § 36, § 37 og § 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.\n\n## § 4.\n\nEndringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i [tomtefestelova § 37](lov/1996-12-20-106/§37) gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her.\n\n## § 5.\n\nForskrifta gjeld frå 1. november 2004.\n",
 "title": "Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.",
 "type": "forskrift"
}
