Jordbrukar med beiterett i statsallmenning kan få utvist areal til inngjerding og natthamning (beiteareal), og ein stad for oppføring av gjetarbu, anten aleine eller saman med andre jordbrukarar. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for areal til inngjerding eller gjetarbu, ved til dømes å leggje fram driftsplan.
Søknad om å få utvist beiteareal og ein stad for oppføring av gjetarbu skal sendast til fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.
Fjellstyret tek avgjerd om beiteareal og gjetarbu, og fastset dei nærare vilkåra for det utviste, under dette vilkår om oppføring av gjetarbu, kva slags bygningar som kan setjast opp, frist for å ta bua eller beitearealet i bruk m.m. Fjellstyret skriv ut eit dokument til beitebrukaren om utvisinga. Statskog SF skal ha kopi av det endelege vedtaket og dokumentet til beitebrukaren.
Statskog SF tek avgjerd om inngjerding av beiteareal etter tilråding frå fjellstyret. I avgjerda kan Statskog SF setje dei vilkåra som er nødvendige, mellom anna kva slag gjerde søkjaren skal bruke og kor det av omsyn til ferdsel skal vere eit le eller ei grind.
Når beitearealet eller gjetarbua ikkje lenger er i bruk skal fjellstyret fatte vedtak om at inngjerdinga eller gjetarbua skal fjernast, om det ikkje kan utvisast til ein annan som har bruksrett. Elles gjeld føresegnene om fjerning av hus i § 8 tilsvarande.
Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.