Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag
§ 1. Sikring mot tap av felleskostnadar
Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.
§ 2. Krav til produktet
Sikring etter § 1 må oppfylle følgjande krav:
- Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto.
- Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
- Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
- Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.
§ 3. Ikrafttredelse
Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2010-12-15-1694
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 0ea1c752683899e43dcca3c1750b3b9781c2ef95a4cc9388740356d0d8fea499
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2013-01-01