Spesifiserte krav om utbetaling frå skogfondet skal sendast til kommunen seinast 1 – eitt – år frå utgangen av det kalenderåret investeringa blei gjort. Alle krav om utbetaling skal vere tilstrekkeleg dokumentert og skogeigaren har plikt til å leggje fram den dokumentasjonen kommunen ber om.
Skogeigarar som gjennomfører større investeringar eller tiltak kan få utbetalt skogfondsmidlar etter kvart som investeringane blir gjennomførte.
Investeringar eller tiltak som er registrerte på skogfondskonto, men ikkje dekt med skogfond (udekte investeringar), kan dekkjast med skogfondsmidlar som blir innbetalt innan utgangen av det neste kalenderåret. For større investeringar eller tiltak kan kommunen gi tilsegn om at denne tidsfristen kan utvidast med 4 år.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.