Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande beløp på skogfondet, jf. § 16 i skogbrukslova.
Departementet eller den det gir fullmakt skal kvart år bestemme ei prosentvis fordeling av bruken av rentene av skogfondet (rentemidlane) på kommunenivå, fylkesnivå og sentralt nivå (sentralt inntrekte rentemidlar).
Rentemidlane skal brukast til administrasjon av skogfondsordninga, og til å dekkje eventuelle tap i samband med ordninga. Rentemidla kan ikkje brukast til lønn o.a. til personell som er tilsett i ei kommune eller ved Statsforvaltaren.
Rentemidlar som ikkje blir brukt til dei formåla som er nemnt i 3. ledd, kan brukast til følgjande formål:
Departementet eller den det gir fullmakt kan vidare bestemme at ein del av rentemidlane kvart år skal overførast til skogeigarforeiningar eller andre som driv aktiv skogfagleg rettleiing til skogeigarar.
Sentralt inntrekte rentemidlar kan i tillegg brukast som tilskott til fylke som sjølv har liten renteinngang når det er ønskeleg å gjennomføre prosjekt og tiltak som i andre fylke blir finansiert av rentemidlar.
Departementet skal ha eit rådgjevande utval til å samrå seg med når det gjeld bruken av dei sentralt inntrekte rentemidla og prinsipielle saker knytt til forvaltninga av rentemidla. I utvalet skal det sitte medlemmer frå skogeigarorganisasjonane og skogbruksstyresmakta i fylka og kommunane. Departementet fastsett nærare reglar om utvalets samansetting, funksjonstid o.a.
Endra ved forskrift 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.