§ 7. Innbetaling til skogfond

Innbetalinga til skogfond skal skje når virket er levert, og grunnlaget for innbetalinga er kjent. Virket blir rekna for levert seinast når det er målt og/eller merkt. For tømmer selt på rot skal innbetalinga skje samtidig med at seljar får oppgjer.

Innbetaling til skogfond skal skje etter følgjande reglar:

  1. For skogsvirke som blir selt gjennom skogeigarforeining, eller andre som kjøper tømmer for vidaresal, skal desse betale inn beløpet.
  2. For skogsvirke som blir selt direkte til ein kjøpar, framdrive eller på rot, skal kjøpar betale inn beløpet. Ved eventuelt vidaresal skal den som sel skogsvirket vidare dokumentere at det er betalt inn til skogfond.
  3. I dei tilfella der det ikkje blir sett av midlar til skogfond etter 2. ledd nr. 1 og 2 er skogeigaren sjølv ansvarleg for at midlar blir betalt inn til kontoen for skogfond.
  4. Ved uttak av skogsvirke på grunnlag av allmenningsrett er det allmenningsstyret som har ansvaret for at det blir sett av midlar til skogfond.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2006-07-03-881
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
55ee9a272256
Innholdshash (XML)
664fa6213f6054a7524067613190906ebc8a8aa74ad694de5d972121bc26877d
Rendererversjon
8
I kraft
2006-09-01
Siste endring i kraft
2021-01-01