{
 "canonical_id": "sf-20170523-0638#paragraf-12",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-stadnamn/paragraf/12/",
 "heading_id": "12",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-stadnamn/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "f3f0c42ac8129c50240474d40b5ee5535434b0bf1aa53e62351e1ef3397a493c",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "6aeff75aae175daf5b505639341a94f7d04f067bf9695f1a5d52d957f7e95d76"
 },
 "ref_id": "forskrift/2017-05-23-638",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-stadnamn",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2017-05-23",
  "last_change_in_force": "2022-02-14",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "## § 12. Klagenemnda for stadnamnsaker\n\nDepartementet peikar ut medlemmene i klagenemnda for stadnamnsaker. Sametinget peikar ut medlem som er kunnig i samiske språk. Kvar medlem skal ha ein personleg varamedlem. Medlemmene blir peika ut for fire år om gongen.\n\nKlagenemnda for stadnamnsaker skal ha ein fast leiar som er jurist, to faste medlemmer peika ut etter forslag frå KS (kommunesektorens organisasjon) og ein representant språkkunnig i bokmål, ein i nynorsk, ein i samiske språk og ein i kvensk.\n\nKlagenemnda skal ha fem medlemmer ved behandlinga av norske stadnamn, men er likevel vedtaksfør når minst fire medlemer, og av dei leiaren eller vara for leiaren, er til stades.\n\nKlagenemnda skal ha fire medlemmer ved behandlinga av samiske og kvenske stadnamn og er vedtaksfør når minst tre medlemmer er til stades, og av dei leiaren eller vara for leiaren og den språkkunnige for samisk eller kvensk. Står stemmetala likt, avgjer leiaren saka.\n\n> Endra ved forskrift [14 feb 2022 nr. 381](forskrift/2022-02-14-381) (tidlegare § 11).\n",
 "title": "Klagenemnda for stadnamnsaker",
 "type": "paragraf"
}
