§ 4. Særleg om samiske stadnamn

For samiske stadnamn skal det takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskriving i nordsamisk, lulesamisk, skoltesamisk eller sørsamisk.

Nordsamisk rettskriving skal brukast i Finnmark, Troms og i Nordland til Tysfjord kommune. Skoltesamiske stadnamn i Sør-Varanger kommune kan likevel følgje skoltesamisk rettskriving. Lulesamisk rettskriving skal brukast frå og med Tysfjord kommune og sørover til Meløy kommune. Frå og med Rana kommune og sørover skal sørsamisk rettskriving brukast. I grenseområda for dei enkelte språkområda, kan ein bruke den rettskrivinga som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan òg veljast regionale samleformer. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det.

Dersom det er brukt fleire samiske namn om det same namneobjektet, skal det eldste namnet brukast av det offentlege. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå denne regelen.

I avveginga av ulike omsyn skal ein leggje vekt på at stadnamna får ein einskapleg skrivemåte innanfor dei ulike samiske språkområda.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-05-23-638
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6aeff75aae175daf5b505639341a94f7d04f067bf9695f1a5d52d957f7e95d76
Rendererversjon
8
I kraft
2017-05-23
Siste endring i kraft
2022-02-14