§ 9. Vedtak

Vedtak etter stadnamnlova skal vere skriftleg og grunngitt. Grunngivinga skal vise til den regelen vedtaket byggjer på, og skal innehalde dei faglege føresetnadene for og den vurderinga som ligg til grunn for vedtaket. Grunngiving skal givast samtidig med vedtaket for gardsnamn og bruksnamn, når bruksnamnet ikkje er fastsett av eigaren. Dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd, kan krevje å få grunngivinga for andre enkeltnamn.

Ei melding eller kunngjering om vedtak skal innehalde opplysningar om klagerett, klagefrist, framgangsmåte ved klage, rett til å sjå saksdokumenta og til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket.

Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram. Blir meldinga kunngjord offentleg, tek klagefristen til å gjelde frå vedtaket vart kunngjort første gongen.

Vedtaksorganet skal sende vedtaket til den som har teke opp stadnamnsaka, til vedkommande kommune og fylkeskommune som ikkje sjølv er vedtaksorgan, til statlege organ som skal bruke namnet i tenesta, til stadnamntenesta og til Sentralt stadnamnregister. Kommunen skal sende vedtaket vidare til partane i saka og dei som har uttala seg i saka etter stadnamnlova § 8 første ledd, og gjere vedtaket kjent for dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd.

Endra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-05-23-638
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6aeff75aae175daf5b505639341a94f7d04f067bf9695f1a5d52d957f7e95d76
Rendererversjon
8
I kraft
2017-05-23
Siste endring i kraft
2022-02-14