Utvalet for Statens kunstnarstipend forvaltar Statens kunstnarstipend.
Utvalet består av leiar, nestleiar, tre medlemmer og fire varamedlemmer.
Kultur- og likestillingsdepartementet oppnemner utvalet. Leiar, nestleiar, éin medlem og to numeriske varamedlemmer blir oppnemnde på fritt grunnlag. To av medlemmene med to personlege varamedlemmer blir oppnemnde etter felles innstilling frå organisasjonane som etter § 27 har rett til å oppnemne medlemmer av stipendkomitéane.
Departementet set fristar for når organisasjonane må gi innstilling etter tredje ledd. Blir det ikkje gitt innstilling innan fristen, vil departementet oppnemne medlemmer til utvalet på fritt grunnlag.
Utvalet blir oppnemnt for inntil fire år om gongen. Éi gjenoppnemning kan skje.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.