§ 1-1. Verkeområde

(1) Forskrifta gjeld for studentar som har fått opptak ved Høgskulen på Vestlandet, for privatistar som tek eksamen etter universitets- og høyskoleloven § 11-4 og for studentar under studieopphald i tilknyting til utvekslingsavtalar.

(2) Det kan gjelde andre reglar for fagskuleutdanning i yrkesdykking, jf. forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved Høgskulen på Vestlandet.

(3) Forskrifta gjeld for forkurs og realfagskurs for ingeniørutdanning, så langt den passar utan å kome i konflikt med nasjonale føresegner for denne utdanninga.

(4) Forskrifta gjeld ikkje for doktorgradsstudium, med unntak av § 3-3 og føresegner som gjeld eksamen og fusk i arbeid som går inn i opplæringsdelen av ph.d.-programmet, jf. forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.

(5) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar. Avvik frå denne forskrifta skal gå fram av samarbeidsavtale og studieplan for fellesgraden, jf. § 2-5 (4).

(6) Mål, innhald og organisering av nautikkutdanninga er regulert i forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk.

(7) Nasjonale forskrifter om rammeplanar og forskrifter om retningslinjer er overordna denne forskrifta.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10