(1) Gyldig fråvær senkar ikkje kravet til oppmøte, jf. § 10-6. Ved gyldig fråvær har høgskulen plikt til å vurdere om det er mogleg å forlenge praksisperioden. Forlenginga må ikkje redusere dei faglege krava til utdanninga, eller vere ein uforholdsmessig byrde for høgskulen.
(2) Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Døme på gyldig fråvær er:
eigen sjukdom eller eigne barn sin sjukdom
dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
studentar med verv i Studenttinget skal få gyldig fråvær ved møteplikt
forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eller fleire dagar av praksisperioden.
(3) Fråvær etter fyrste og andre ledd må dokumenterast. Studenten må gi snarleg melding om fråvær til høgskulen, og til praksisstaden om praksis har starta. Når studenten sin praksisperiode har starta må dokumentasjonen vere skriven og sendt til høgskulen seinast éi veke etter fråværsgrunnen oppstod.
(4) Krav til dokumentasjon av gyldig fråvær:
Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller ved at studenten leverer eigenmelding. Attesten eller eigenmeldinga må opplyse om at den er skriven i samband med fråvær frå praksis arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Det kan gis utfyllande retningslinjer og tidsfristar på den enkelte utdanninga.
Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.