(1) Når ein student legg fram politiattest med merknad, skal høgskulen si nemnd for studentsaker avgjere om studenten kan delta i praksis, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2 fjerde ledd. Høgskulen skal gi studenten informasjon om kva dokumentasjon som bør leggast fram før det blir gjort vedtak i nemnda. Høgskulen skal òg gi informasjon om retten studenten har etter universitets- og høyskoleloven § 12-9 til å få dekka utgifter til bistand frå representant etter sak er reist for nemnda.
(2) Etter at studenten har lagt fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader, skal dekanen seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon ligg føre, sende over saka med vurdering til høgskulen si nemnd for studentsaker. Nemnda skal gjere vedtak seinast fire veker etter at saka er mottatt frå dekanen, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2.
(3) Studenten skal medverke til å opplyse saka ved å leggje fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader på politiattesten, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 6-5. Studenten bør leggje fram sikting, tiltale eller dom som ligg til grunn for merknad på politiattesten. Studenten bør òg leggje fram anna dokumentasjon som til dømes eige fråsegn, arbeidsattest og eventuell attest frå lege der det er aktuelt.
(4) Student med merknad på politiattesten får ikkje delta i praksis eller klinisk undervisning før det er fatta positivt vedtak i høgskulen si nemnd for studentsaker, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2 andre ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.