§ 10-7. Ved tvil om studenten består praksis

(1) Når det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel og tilbod om oppfølgjande samtale med praksisstaden og høgskulen. Varsel og samtale om varselet skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev studenten høve til å utvikle tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal varsel og samtale bli gitt halvvegs i perioden.

(2) Varselet skal presisere kva delar av læringsutbytte studenten står i fare for å ikkje oppnå ut frå studenten si utvikling i praksisperioden. I varselet skal det gå fram korleis studenten kan syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis. Varselet skal òg vise til retten studenten har på tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen, der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og informasjon om konsekvensar av ikkje bestått praksis. Det skal førast referat frå samtalen og studenten har rett til å levere merknad til referatet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10