(1) Når studenten i praksisperioden har vist handling eller åtferd som utgjer ein mogleg fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei studenten er i kontakt med, skal praksisperioden avsluttast straks utan krav om varsel på førehand. Studenten får i slike tilfelle vurderingsresultatet ikkje bestått.
(2) Praksisstaden skal så raskt som mogleg sende innstilling til avsluttande vurdering til høgskulen. Vurderinga skal gjere greie for handlingane eller åtferda som resulterte i avslutning av praksis og ikkje bestått vurdering.
(3) Høgskulen skal gjennomføre samtale med studenten, der det blir informert om grunnlaget for at praksis er avslutta og konsekvensane dette har for studenten.
(4) Studenten skal få skriftleg vedtak om at praksis er avslutta.
(5) Høgskulen og praksisstaden skal vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding til skikkaansvarleg når studenten går på eit utdanningsprogram med skikkavurdering.
Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.