(1) Eit emne utgår når tilhøyrande emnekode ikkje lenger skal brukast.
(2) Når eit emne utgår og siste ordinære eksamen er gitt, skal det bli arrangert inntil to eksamenar i dei to påfølgjande semestera for studentar som ikkje har bestått resultat. Dersom ny eksamen blir arrangert, blir den rekna som ein av dei to eksamenane som skal arrangerast.
(3) Når det blir arrangert eksamen i utgått emne for studentar etter andre ledd, kan òg andre studentar med gyldige obligatoriske læringsaktivitetar i emnet melde seg opp til eksamen.
(4) Studentar som oppfyller vilkåra for å gå opp til eksamen i utgått emne må vurderingsmelde seg i Studentweb innan 1. september eller 1. februar.
(5) For rammeplanstyrte utdanningar kan det gjelde andre reglar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.