§ 11-19a. Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve

(1) Ein student som har fått bachelor- eller masteroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere ny eller forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgjande semestera. Ved særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve kan studenten søke fakultetet om å levere forbetra versjon etter dei to påfølgande semestera. Krav til dokumentasjon etter § 11-5 (3) bokstav c gjeld tilsvarande. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon éin gong.

(2) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling.

(3) Ved innlevering av ny eller forbetra versjon av bachelor- eller masteroppgåve, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.

Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10