§ 11-21. Målform og språk i eksamenssvar

(1) Studenten kan velje målform i eksamenssvaret, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.

(2) Eksamenssvar kan leverast på eit av dei skandinaviske språka som alternativ til norsk, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen. Når eksamensoppgåva blir gitt på engelsk, kan studentane levere eksamenssvaret på engelsk.

(3) Bachelor- og masteroppgåver som blir skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk som er avtalt med rettleiar. Bachelor- og masteroppgåver som blir skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk. Dekan kan gi unntak frå denne avgjerda dersom studenten ikkje meistrar eit av dei skandinaviske språka.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10