§ 12-1. Fusk og forsøk på fusk
(1) Som fusk reknar ein mellom anna:
- å opptre i strid med gjeldande reglar for den spesifikke eksamenen.
- å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen.
- å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar eller markering av sitat (plagiat).
- å vise til fiktive kjelder.
- å levere arbeid som er heilt eller delvis utarbeidd av andre enn studenten eller studentane sjølv.
- å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing i form av studiepoeng eller rett til å gå opp til eksamen, utan tilstrekkeleg kjeldetilvising.
- å skaffe seg tilgjenge til eksamen ved å fuske på ein obligatorisk læringsaktivitet, eller på urett grunnlag få godkjent deltaking til slik aktivitet.
- å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen eller kurs.
- ulovleg kommunikasjon mellom studentar eller grupper (ulovleg samarbeid).
- å la ein annan gjennomføre eksamen for seg.
- fabrikkering eller forfalsking av data.
(2) Studentar kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller vurderinga har starta. For føresegner om når eksamen har byrja, sjå § 11-13.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-06-12-1547
- Hentet
- 2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
- Kilderevisjon
- c92dca93cd78
- Innholdshash (XML)
- f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2025-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-10