§ 12-3. Konsekvensar av fusk

(1) Forsettleg eller grovt aktlaust fusk, forsettleg forsøk på fusk og forsettleg medverknad til fusk kan føre til annullering av eksamen og kursgodkjenning, og utestenging frå høgskulen og eksamenskarantene ved alle universitet og høgskular i inntil to semester. I særleg grove tilfelle kan studenten stengast ute og få eksamenskarantene frå alle universitet og høgskular i inntil fire semester jf. universitets- og høyskoleloven § 12-4.

(2) Sak om annullering eller utestenging blir avgjort av høgskulen si nemnd for studentsaker.

(3) Annullering av eksamen etter universitets- og høyskoleloven § 12-4 tel som eitt forsøk til eksamen, jf. § 11-6 (1) f.

(4) Ein student som har fått bacheloroppgåva, masteroppgåva eller ei anna oppgåve annullert på grunn av fusk, kan ikkje levere ein forbetra versjon av oppgåva. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå dette. Høgskulen kan bestemme at studenten må levere ny oppgåve med ny problemstilling.

Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10