§ 13-11. Rett på grunngjeving av karakter

(1) Ved munnleg og praktisk eksamen må krav om grunngjeving setjast fram straks etter at studenten har fått melding om karakteren. Det er ikkje høve til å klage på karakteren ved munnleg og praktisk eksamen.

(2) Ein student kan be om grunngjeving for karakteren på skriftleg eksamen innan ei veke etter kunngjeringa. Grunngjevinga skal gjere greie for dei generelle prinsipp som er lagt til grunn for sensuren og for bedømminga av studenten sin prestasjon, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-8.

(3) Studenten kan be om grunngjeving på klagesensur.

(4) Grunngjevinga skal bli gitt innan to veker etter at studenten har bedt om det, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-8. Sensoren vel sjølv om grunngjevinga skal bli gitt skriftleg eller munnleg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10