§ 4-2. Semesterregistrering
(1) Studenten må fullføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig. Fristen for semesterregistrering er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. For vidareutdanningar, utdanningar med studieavgift og oppdragsbaserte utdanningar med oppstart etter semesterregistreringsfristen 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, er fristen seinast 14 dagar etter oppstart.
(2) Innan fristen må alle studentar semesterregistrere seg ved å:
- registrere seg på Studentweb
- godkjenne utdanningsplan for studieprogram dei er tekne opp til
- melde seg opp til undervisning og vurdering for emne dei skal ta i det aktuelle semesteret
- betale semesteravgift, jf. § 4-5.
(3) Studenten pliktar å halde seg oppdatert på relevant regelverk for studium og eksamen, og om organiseringa av studiet, obligatoriske læringsaktivitetar, tidsfristar og annan relevant informasjon. Studenten pliktar òg å halde seg orientert om meldingar som blir gitt via høgskulen sin læringsplattform, og informasjon som blir sendt frå høgskulen til studenten sin e-postadresse ved lærestaden.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-06-12-1547
- Hentet
- 2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
- Kilderevisjon
- c92dca93cd78
- Innholdshash (XML)
- f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2025-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-10