§ 5-1. Dokumentert permisjon

(1) Studentar har rett til permisjon frå studieprogram på grunnlag av dokumentert sjukdom skrive ut av lege, psykolog, eller anna sakkunnig person. Studentar kan òg få permisjon på grunnlag av tenesteplikt etter forsvarsloven § 17, møteplikt i offentlege organ, krevjande verv i studentdemokratiet og studentorganisasjonar, eller andre særleg tungtvegande tilhøve. Sjå òg § 5-2 (5). Retten til foreldrepermisjon går fram av universitets- og høyskoleloven § 10-6.

(2) Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-3.

(3) Søknad om dokumentert permisjon kan bli avslått på grunnlag av at forlenging av studieretten vil føre til senking av dei faglege krava til studiet. Kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i læringsutbyttet som går fram av studie- og emneplan kan ikkje falle bort, jf. § 7-2 (2).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10