(1) I obligatoriske læringsaktivitetar som tek form som obligatorisk deltaking er kravet til frammøte 80 prosent om ikkje emneplanen seier noko anna. § 8-4 1., 2., 3. og 5. ledd gjeld tilsvarande.
(2) Ved dokumentert fråvær har høgskulen plikt til å vurdere om det er mogleg å tilby kompenserande tiltak. Det valte tiltaket må ikkje redusere dei faglege krava til utdanninga, eller vere ein uforholdsmessig byrde for høgskulen.
(3) Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Døme på gyldig fråvær er:
eigen sjukdom eller eigne barn sin sjukdom
dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
studentar med verv i Studenttinget på Vestlandet skal få gyldig fråvær ved møteplikt
forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten deltek i den obligatoriske undervisninga.
(4) Fråvær etter andre og tredje ledd må dokumenterast. Studenten må gi snarleg melding om fråvær til høgskulen. Dokumentasjonen må vere skriven og sendt til høgskulen seinast éi veke etter fråværsgrunnen oppstod.
(5) Krav til dokumentasjon er:
Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller ved at studenten leverer eigenmelding. Attesten må opplyse om at den er gitt i høve fråvær frå obligatorisk deltaking, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Det kan gis utfyllande retningslinjer og tidsfristar på den enkelte utdanninga.
Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
Tilføyd ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.