(1) Fagskulen Vestland skal skrive ut vitnemål til studentar for fullført fagskuleutdanning, jf. fagskoleloven § 19 første ledd. Studieplanen er grunnlag for vitnemål.
(2) For at Fagskulen Vestland skal kunne skrive ut vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning, må studenten avlegge studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for. Det er normalt den siste fagskulen som har ein student før fullført utdanningsløp, som har ansvaret for å skrive ut vitnemålet, jf. fagskoleforskriften § 38.
(3) Vitnemålet skal vise
For dei maritime utdanningane skal vitnemålet vise sertifikatnummeret til fagskulen.
(4) Dersom utdanninga har krav om skikkavurdering, skal vitnemålet vise dette, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-7 siste ledd.
(5) Dersom studenten har fått innvilga søknad om godskriving av eller fritak for emne, skal vitnemålet vise dette.
(6) Vitnemålet blir skrive ut på papir, på bokmål eller nynorsk. For dei maritime utdanningane skal vitnemålet skrivast på engelsk. Fagskulen Vestland omset ikkje vitnemål.
(7) Vitnemålet blir som hovudregel skrive ut etter at klagefristen for dei emna som inngår i grunnlaget for grada har gått ut, og ei eventuell klagebehandling er ferdig.
(8) Vitnemålet blir skrive ut éin gong. I særlege tilfelle kan fagskulen ved tap av vitnemål skrive ut duplikat.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.