§ 2-2. Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne
(1) Ved Fagskulen Vestland skal saker om oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne behandlast slik:
- Dersom fagskulen har akkreditering for fagområde, har styret fullmakt til sjølv å akkreditere nye fagskuleutdanningar og godkjenne vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innan det akkrediterte fagområdet, jf. fagskoleforskriften § 48 tredje ledd.
- Dersom fagskulen ikkje har akkreditering for fagområde, skal styret søke NOKUT om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og godkjenning av vesentlege endringar i allereie akkrediterte tilbod, jf. fagskoleforskriften § 47 første ledd.
- Styret skal informere NOKUT om nedlegging av utdanningar.
(2) I medhald av fagskoletilsynsforskriften § 5-1 første ledd skal styret melde NOKUT om
- nye utdanningar innanfor eit akkreditert fagområde
- nye studiestader for ei utdanning
- endring av studiestad for ei utdanning
- endring av namnet på ei utdanning
- endring av det samla læringsutbyttet for ei utdanning
- endring av utdanningsform for ei utdanning.
(3) For endringar etter andre ledd bokstav b til f i utdanningar som ikkje inngår i eit akkreditert fagområde, vil NOKUT vurdere om endringane gjer det nødvendig å søke om ny akkreditering, jf. fagskoletilsynsforskriften § 5-1 siste ledd. Endring i totalt antal studiepoeng for ei utdanning vil alltid krevje ny akkreditering.
(4) Øvrige endringar som ikkje er omfatta av reglane i første til tredje ledd, og som ikkje endrar det samla læringsutbyttet for utdanninga, kan gjennomførast av utdanningsleiar utan søknad eller melding til NOKUT.
(5) Ved endring eller nedlegging i utdanningar eller emne, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at studentane får høve til å fullføre utdanninga eller emnet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-03-07-529
- Hentet
- 2026-10-28T10:21:45.190128+00:00
- Kilderevisjon
- ddc57959f6f1
- Innholdshash (XML)
- 9d081215b0652845ad9b86b0061499fd402d919a326fcc82e09662078bffc10e
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2025-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-10-23