§ 5-5. Praksis

(1) Praksis er ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som skal føregå i eit relevant yrkesfelt.

(2) Det skal gå fram av emneplanen kva emne, vurderingar og obligatoriske læringsaktivitetar som må vere fullført og bestått før praksisen startar.

(3) Det kan gjennomførast obligatoriske læringsaktivitetar knytt til praksisgjennomføringa undervegs i praksisen. Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten skal få praksisen vurdert, jf. § 5-4 andre ledd.

(4) Praksis blir vurdert til «bestått» / «ikkje bestått».

(5) Står studenten i fare for ikkje å bestå praksis, og faren oppstår på eit tidspunkt kor studenten har høve til å rette opp i forholda, skal studenten varslast om dette i samtale med praksisstaden og fagskulen.

(6) Studentar som ikkje fullfører eller består praksis må ta heile praksisperioden på nytt ved eit eventuelt nytt forsøk. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon. For antal vurderingsforsøk i praksis, sjå § 6-14 fjerde ledd.

(7) Ved gyldig fråvær skal fagskulen legge til rette for at studenten kan gjennomføre praksisperioden til ordinær tid, dersom dette er praktisk mogleg og ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for fagskulen. Sjølv om fråværet er gyldig kan forseinkingar få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01