lovspor

§ 7-4. Sensor

(1) Sensor skal ha kompetanse til å vurdere om studentane har oppnådd læringsutbyttet for utdanninga eller emnet, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-5.

(2) Styret for Fagskulen Vestland delegerer rektor mynde til å nemne opp sensor ved vurdering når resultatet inngår i vitnemålet eller blir rekna inn i karakter for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 andre ledd.

(3) Ved ordinær sensur kan fagskulen sjølv avgjere antalet sensorar. Ved sensurering av vurderingar som ikkje lar seg etterprøve, for eksempel munnleg og praktisk eksamen, krevst det minst to sensorar.

(4) Ved ordinær sensur kan fagskulen sjølv avgjere bruk av intern og ekstern sensor. Eksterne sensorar kan ikkje vere tilsett ved Fagskulen Vestland.

(5) Ved ny sensur etter fagskoleloven §§ 22 og 23 skal éin eller fleire nye sensorar brukast. Minst éin sensor skal vere ekstern, jf. fagskoleloven § 21 fjerde ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-10-28T10:21:45.190128+00:00
Kilderevisjon
ddc57959f6f1
Innholdshash (XML)
9d081215b0652845ad9b86b0061499fd402d919a326fcc82e09662078bffc10e
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-10-23