(1) Studenten kan klage skriftleg på karakterfastsettinga, jf. fagskoleloven § 22 fjerde ledd. Ved klage skal det gjennomførast ny sensur. Studenten kan ikkje klage på bedømminga av munnlege prestasjonar, vurderingar av praksisstudiar eller liknande som etter sin art ikkje let seg etterprøve, jf. fagskoleloven § 22 femte ledd.
(2) I emne som består av fleire vurderingsdelar, kan klage på sensur settast fram etter kvar enkelt vurdering.
(3) Det er individuell klagerett ved gruppevurdering. Ei eventuell endring av karakter etter klage vil berre gjelde for den som har klaga.
(4) Ved ny sensur kan karakteren endrast i både favør og disfavør av klagaren, jf. fagskoleloven § 21 fjerde ledd. Studenten kan ikkje klage på karakterfastsettinga etter ny sensur, jf. fagskoleloven § 22 siste ledd.
(5) Klage på karakterfastsetting må settast fram innan tre veker etter at resultatet blei kunngjort. Om studenten har bedt om grunngiving for karakterfastsettinga eller klaga over formelle feil, løper klagefristen frå studenten har fått grunngivinga eller til klaga på formelle feil er endeleg avgjort, jf. fagskoleloven § 22 fjerde ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.