§ 9-1. Fusk
(1) Forbodet mot fusk, forsøk på fusk og medverknad til fusk gjeld både i forbindelse med eksamen, prøve eller liknande, og elles under gjennomføringa av emnet.
(2) Som fusk reknar ein mellom anna
- å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg
- å sitere kjelder eller på annan måte bruke kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege og korrekte kjeldetilvisingar
- ulovleg kommunikasjon og samarbeid mellom enkeltpersonar og grupper
- å la ein annan gjennomføre vurderinga, den obligatoriske læringsaktiviteten eller liknande for seg
- å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til
- å handle på andre måtar i strid med retningslinjer bestemt av fagskulen.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-03-07-529
- Hentet
- 2026-10-28T10:21:45.190128+00:00
- Kilderevisjon
- ddc57959f6f1
- Innholdshash (XML)
- 9d081215b0652845ad9b86b0061499fd402d919a326fcc82e09662078bffc10e
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2025-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-10-23