§ 9-4. Annullering

(1) Om ein student har brukt falskt vitnemål eller andre falske dokument, eller har opptredd ureieleg på annan måte og slik fått tilgang til å avlegge eksamen, prøve eller anna arbeid som blir bedømt med karakter, kan den lokale klagenemnda annullere resultatet. Den lokale klagenemnda kan også annullere godkjenninga av eit emne om ein student på tilsvarande urettmessig grunnlag har fått rett til å studere, jf. fagskoleloven 24 første ledd.

(2) Om ein student har fått godskriving av eller fritak for emne ved bruk av falskt vitnemål eller andre falske dokument, eller ved å opptre ureieleg på annan måte, kan den lokale klagenemnda annullere godskrivinga eller fritaket, jf. fagskoleloven § 24 tredje ledd.

(3) Tilgangen til å annullere blir ikkje forelda, jf. fagskoleloven § 24 femte ledd.

(4) Ved vedtak om annullering skal studenten levere eventuelle vitnemål eller karakterutskrifter tilbake til fagskulen, jf. fagskoleloven § 24 sjette ledd.

(5) Om fagskulen oppdagar at ein søkar eller student har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument skrive ut av falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet, jf. fagskoleloven § 24 siste ledd.

(6) Dannar vitnemålet grunnlag for autorisasjon for yrkesutøving, skal fagskulen gi melding om annullering til vedkommande mynde.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01