lovspor

§ 14-5. Sletting av gjeld

Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande overfor andre låntakarar og samfunnet elles.

Ein søknad om sletting av gjeld skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har.

Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.

Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-10-29T10:43:20.895400+00:00
Kilderevisjon
074a3d65c833
Innholdshash (XML)
a71c3b16a827b6799dad04d5f41828bcd8a8799d4ecef183c850e417c702d694
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29