lovspor

§ 3-1. Nedbetalingstid og terminbeløp

Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.

Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over kr 261 000.

I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.

Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.

Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-10-29T10:43:20.895400+00:00
Kilderevisjon
074a3d65c833
Innholdshash (XML)
a71c3b16a827b6799dad04d5f41828bcd8a8799d4ecef183c850e417c702d694
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29