§ 8-2. Krav til eiga inntekt

Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 8-4 eller § 8-5 var oppfylt desse månadene.

Person- og kapitalinntekt per år, i kronerTal på månader med rett til sletting av renter
2017201820192020
318 516328 071338 733350 9271
313 255322 653333 139345 1322
307 995317 235327 545339 3373
302 734311 816321 950333 5404
297 474306 398316 356327 7455
292 212300 978310 760321 9476
286 953295 562305 168316 1547
281 692290 143299 573310 3588
276 431284 724293 978304 5619
271 171279 306288 383298 76510
265 910273 887282 788292 96811
260 650268 470277 195287 17412

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kroner for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 15 020 kroner for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 14 547 kroner for kvart barn. For 2017 blir inntektsgrensa heva med 14 123 kroner for kvart barn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4947375fa1d82ba03ecab6c9a4f1198c301b8e91054e13492f0f589145ef284f
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29