Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2022 er 501 677 kr eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.
Tabell for 2022 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld
| Person- og kapitalinntekt per år | Ny gjeld | Nytt terminbeløp |
|---|---|---|
| 0–347 925 kr | 0 kr | 0 kr |
| 347 926–386 248 kr | 70 316 kr | 751 kr |
| 386 249–423 373 kr | 82 002 kr | 901 kr |
| 423 374–462 551 kr | 93 859 kr | 1 062 kr |
| 462 552–501 677 kr | 105 545 kr | 1 210 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 16 380 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.