§ 3-1. Nedbetalingstid og terminbeløp

Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.

Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 272 000 kr. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.

Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.

Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-12-15-3636
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
1818a33e22709d9e917510b1ab307a658b0e8e30d68fd5fa9cb6437c5b664296
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01
Siste endring i kraft
2022-01-27