§ 12. Sjukerom mv.

Alle skip skal ha ein plan for transport og isolasjon av sjuke, og for å gje naudsynt førstehjelp og medisinsk behandling om bord.

Skip som skal nyttast som ambulanse skal ha eige rom for transport og behandling av sjuke.

Skip i utanriksfart skal ha sjukerom som oppfyller ein anerkjent standard. Sjukerom skal berre nyttast til behandling av sjuke og skadde. Skipet skal vere utstyrt for direkte kommunikasjon mellom sjukerommet og telemedisinsk maritim assistanseteneste.

Skip i utanriksfart skal ha ein plan for oppbevaring og transport av lik.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-12-17-3666
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
5c6c31043015ebd982463fd5045cafd21e0f9d2530d1dd13ed75f7d5382b0909
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01