Ventilasjonen skal vere tilpassa utforminga av romma, tiltenkt bruk, og forureinings- og fuktbelastning. Ventilasjonen skal ha kapasitet til å tilføre kvart rom i innreiinga minst 30 m3 frisk luft per person per time.
Innelufta skal ikkje innehalde konsentrasjonar av forureining som kan gje helseskade eller irritasjon.
Rom meinte for varig opphald skal kunne halde ein temperatur på minst 20 °C. Det skal vere mest mogeleg lik temperatur ved dørk og himling.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.