Forskrift om førehandsvarsling og om fjellstyrevedtak.
Om førehandsvarsling og melding om fjellstyrevedtak.
§ 1
Førehandsvarsling etter § 16 i forvaltningslova og melding om vedtak etter § 27 i forvaltningslova, skal fjellstyret i regelen gjera skriftleg, i brev, eller om fjellstyret finn det mest høveleg, ved forsvarleg offentleg kunngjering.
I særlege høve kan fjellstyret gje varsel eller melding munnleg.
§ 2
Førehandsvarsling frå eit fjellstyre skal gje parten(ane) ein frist på minst ei veke til å gje fråsegn i saka.
§ 3
Forskriftene gjeld frå og med 1. august 1983. Frå same tid held forskrifter gjevne 6. april 1976 opp å gjelde.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/1983-06-08-1257
- Hentet
- 2026-04-29T11:20:30.048320+00:00
- Kilderevisjon
- 3d499af6bbf5
- Innholdshash (XML)
- 7b5063f43171ae52b63b105f48e63cb4233af6c9ef25a5a5cb95a9ef70f0893a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1983-08-01