{
 "canonical_id": "sf-19561109-8632#paragraf-5",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-vedtekter-for-sjøtrygdelag/paragraf/5/",
 "heading_id": "5",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-vedtekter-for-sjøtrygdelag/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "5bb994fd310ab13736c9392d002fec0c3ea73d52346555ef8696195cf69c26d1",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "bfb8f1bfa58479187f34a04b51c293bcc82fade381dfc4ada30e21a23264f7d7"
 },
 "ref_id": "forskrift/1956-11-09-8632",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-vedtekter-for-sjøtrygdelag",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "1956-11-09",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "## § 5. Styret.\n\n5.1.\n\nStyret er på ..... medlemer med ..... varamenn. Funksjonstida for medlemene er 3 år og for varamennene 1 år. Første året går ..... medlem(er) ut, andre året ..... , begge åra etter lutdraging, deretter den/dei som har vore med lengst. Ein styremedlem er med i styret til dess det er valt ein ny, endå om tenestetida er ute.\n\n5.2.\n\nStyremøte skal haldast så ofte formannen meiner det er naudsynt, eller når minst ..... styremedlemer krev det. Drøftingane i styret vert leia av formannen, eller når han ikkje er til stades, av varaformannen. For at eit styrevedtak skal vere gyldig, må minst halvparten av styremedlemene ha røysta for framlegget. Står røystene likt, gjer røysta til møtestyraren utslaget.\n\n5.3.\n\nFirmaet til sjøtrygdelaget skal underskrivast av to styremedlemer saman. Styret kan gje prokura.\n\n5.4.\n\nStyret skal elles:\n\n5.4.1.\n\nVelje formann og nestformann seg imellom for 1 år om gongen.\n\n5.4.2.\n\nLeie verksemda i sjøtrygdelaget og dessutan avgjere alle saker som ikkje ved vedtekter er lagde til andre organ i sjøtrygdelaget.\n\n5.4.3.\n\nGjennomføra vedtaka til medlemsmøtet.\n\n5.4.4.\n\nFørebu og gje tilråding i dei sakene som skal leggast fram for medlemsmøtet.\n\n5.4.5.\n\nGje årsmelding og revidert rekneskap til medlemsmøtet.\n\n5.4.6.\n\nKunne inngå Hovudavtale med *Sjøtrygdelagenes fellesforening* og fastsetja premiar og trygdevilkår i samsvar med Hovudavtalen.\n\n5.4.7.\n\nSyta for trygg attertrygding av risikoane til sjøtrygdelaget.\n\n5.4.8.\n\nTilsetja personale og fastsetja løn og andre vilkår for desse.\n\n5.4.9.\n\nSjå til at det vert stilt forsvarleg tryggleik for den midelen som dei tilsette er ansvarlege for etter føresegn gitt av Forsikringsrådet.\n\n5.4.10.\n\nSjå til at interessene til sjøtrygdelaget vert tekne forsvarleg vare på.\n\nStyret skal føra møtebok over drøftingane sine. Alle styremedlemene som møter, skal skriva under i boka.\n",
 "title": "Styret.",
 "type": "paragraf"
}
