Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke.
Fjellam frå Ryfylke SA.
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke er kjøt av lam som i minimum 8 veker har beita på fjellbeite på over 500 m.o.h. i fjellområda i Ryfylke.
Nemninga omfattar ferske og fryste skrottar, naturlege stykningsdelar og kjøtsorteringar. Lamma skal ha ei slaktevekt på minimum 16 kg og vera klassifiserte i slakteklasse O+ eller betre og ha maksimum 3+ i feittmengd.
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke skal gå på fjellbeite i Ryfylkeheiane. Dette geografiske området omfattar heiaområda i kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, og også mindre fjellområde i kommunane Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland. Sjå vedlagte kart.
Lamma skal gå på fjellbeite i minimum 8 veker.
Slaktemodne lam bør leverast til slakting så snart som mogleg etter sanking, og seinast 1. november. Eventuell sluttfôring bør bestå av godt håbeite. Tilleggsfôring med kraftfôr skal ikkje skje i lengre periode enn maksimum 3 veker.
Alle forhold rundt beiting og fôring skal dokumenterast.
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.
Forskrifta blir sett i verk straks.
Funn av bein på steinalderbuplassar dokumenterer at det har blitt halde sau i Ryfylke så langt attende som for 4–5000 år sidan. Ryfylkeheiane vart tidleg tekne i bruk som beite, og heiasending av husdyr er godt dokumentert så langt tilbake som 1600- og 1700-talet.
Ryfylkeheiane byr på mykje god og næringsrik jord for plantar og urter og har difor gode beitetilhøve. Dette har sin bakgrunn i både natur, klima og næringsrike bergartar. Eit markert særtrekk er at bergartane har ei «smørbrødlagdeling» med fylitt i midten og gneis oppå og under. Ulik avsmelting av store sjøleier gir god tilgang av lettfordøyeleg og proteinrik groe til beitande småfe gjennom heile sesongen, noko som gir høgt proteininnhald, høg gjennomsnittsvekt og kjøttfylde.
I tillegg til optimale beiteforhold er dyktige og engasjerte sauebønder den viktigaste faktoren for høg kvalitet. Målretta arbeid med avl har ført til at sauene er godt eigna til beiteområda og har gjennomgåande god dyrehelse. Lamma blir sortert og plukka ut av menneske når dei er klare for slakting noko som sikrar jamn høg kvalitet.
Kart over geografisk område for Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke:
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.