§ 2. Personell ved jernbane som er omfatta av promillegrense og fråhaldsplikt mv. i jernbanelova

Personell som utfører følgjande oppgåver ved jernbane er omfatta av krava i jernbanelova § 3a og § 3b:

  1. utfører trafikkstyring
  2. utfører funksjonar knytte til drift av kabelbaner
  3. fører rullande materiell
  4. utfører eller leier skifting
  5. utfører trafikktryggingsoppgåver om bord i tog, medrekna beredskapsoppgåver
  6. har ansvaret for tryggleiken ved arbeid og aktivitetar i og ved spor
  7. vurderer tilstanden til rullande materiell i operativ drift og dei tekniske funksjonane til køyrevegen med omsyn til trafikktryggleiken.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2006-10-16-1160
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
600fdde4e9604cf7deafa473129a15af2810235116d30e0a5772f987e2f851e6
Rendererversjon
8
I kraft
2007-01-01