§ 4. Vilkår for å få kompensasjon
(1) Med dei avgrensingane som følgjer av § 5 – § 9, vert det gjeve kompensasjon for kostnader til ulønt arbeidsinnsats i forskings- og utviklingsprosjekt dersom følgjande vilkår er oppfylte:
- Forskings- og utviklingsprosjektet må vere godkjent av Noregs forskingsråd, jf. forskrift til utfylling og gjennomføring av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 16-40-4, og godkjenninga må gjelde dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, og
- Skattytaren har levert årsrapportar og eventuell sluttrapport til Noregs forskingsråd for dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, og
- Skattytaren har kravd skattefrådrag for den ulønte arbeidsinnsatsen i tilknyting til prosjektet i vedlegg til sjølvmeldinga for det aktuelle inntektsåret.
(2) Dersom vilkåra i første ledd bokstav c ikkje er oppfylte, kan Konkurransetilsynet etter skjønn gje skattytaren kompensasjon for kostnader til ulønt arbeidsinnsats i forskings- og utviklingsprosjekt dersom timetalet det blir kravd kompensasjon for er tilstrekkeleg dokumentert, jf. § 5.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2006-02-07-123
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 9dc1770d7f88f400ee6614f39bc6b68014f56fc36cc324d5dafa4c8bcd6e6626
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2006-02-07