§ 3. Definisjonar
I denne forskrifta meiner ein med:
- Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.
- Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet.
- Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.
- Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.
- Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.
Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2003-08-28-1110
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 0a824f6fb67d48aaa90b0fa2c693f87b8506266d742f03832ab1a1641553389f
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2003-08-28
- Siste endring i kraft
- 2024-03-13