§ 6. Søknad om løyve
Fylkeskommunen kan krevje dei opplysningar frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.
Søknad skal fyllast ut på skjema fastsett av Fiskeridirektoratet. Søknad etter denne føresegna skal fyllast ut i fem eksemplar som skal sendast til fylkeskommunen i det fylket lokaliteten ligg.
Søkjaren skal etter tilvisning frå kommunen syte for at beskriving av art og lokalisering av den omsøkte verksemda vert kunngjort i Norsk Lysingsblad og i to aviser som er fast lesne i området.
Søknaden skal mellom anna innehalde:
- Kvittering for betalt sakshandsamingsgebyr, jf. § 34.
- Kartkoordinatar for dei omsøkte lokalitetane samt kart kor desse er teikna inn.
- Opplysningar om i kva for utstrekning søkjar ynskjer å gjennomføre tiltak før og i driftsfasen med tanke på å klargjere lokaliteten.
- Plan for opprydding ved avslutning av verksemda.
- Opplysningar om den planlagde drifta, her medrekna driftsplan, tilgang på havbeitedyr for utsett o.a.
- Miljøtilhøve, her medrekna dokumentasjon av opphavet til havbeitedyra og dokumentasjon av miljøtilstanden på omsøkte lokalitetar, jf. § 7 andre og tredje ledd.
- Opplysningar om lokaliteten, her medrekna planstatus for lokaliteten, avstand til vassdrag, verneområder, andre lokalitetar og anna akvakulturverksemd samt tilhøvet til allemannsretten o.a.
- Opplysningar om i kva grad omsøkt drift vil kunne komme i konflikt med andre brukarinteresser i området.
Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2003-08-28-1110
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 0a824f6fb67d48aaa90b0fa2c693f87b8506266d742f03832ab1a1641553389f
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2003-08-28
- Siste endring i kraft
- 2024-03-13