§ 2b. Utlysing av konkurranse og tildeling av prosjektområder

Departementet avgjer om tildeling av prosjektområde skal skje ved auksjon eller etter andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, eller ein kombinasjon. Tildelingsmåten og vilkår skal gå fram av utlysinga.

Departementet skal i utlysinga gje nærare føresegner om korleis konkurransen skal gjennomførast. Utlysinga skal kunngjerast i Norsk lysingsblad med ein rimeleg frist.

Ved tildeling av prosjektområde etter auksjon skal tildeling skje til den som vinn auksjonen i samsvar med utlysinga og etter dei reglane som departementet har fastsett for auksjonen. I andre tilfelle skal tildeling av prosjektområde skje på grunnlag av ei heilskapleg vurdering av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår i samsvar med utlysinga. Departementet kan i særlege tilfelle velje å ikkje tildele prosjektområde etter gjennomført auksjon eller konkurranse.

Departementet kan stille vilkår for tildeling av prosjektområde.

Tilføyd ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-06-12-1192
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
da17ea8d9282
Innholdshash (XML)
bfa82c4f7a1066cc3b7f6e93962fb40ed751df98c7857d653b223676805e8853
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-17