§ 4. Innhaldet i prosjektspesifikt utgreiingsprogram

Ei melding med framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram skal minst innehalde ei skildring av:

  1. energianlegget, aktuelle utbyggingsløysingar og kostnadar, prosjektområdet og, på bakgrunn av tilgjengeleg kunnskap, mulege verknadar for andre næringar, miljø og samfunn
  2. tilhøve som skal utgreiast og kva metodar som skal nyttast
  3. opplysingar om verksemda til den som søker.

Departementet kan krevje tilleggsopplysingar.

Departementet sender framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram på høyring til relevante myndigheter og interesseorganisasjonar, og gjer framlegget tilgjengeleg for offentligheita på internett. Det skal setjast ein rimeleg frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker.

Departementet kan fastsetje utgreiingsprogrammet på bakgrunn av framlegget og innkomne høyringsfråsegner.

Det kan ikkje fastsetjast fleire utgreiingsprogram for same prosjektområde samstundes.

Endra ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-06-12-1192
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
da17ea8d9282
Innholdshash (XML)
bfa82c4f7a1066cc3b7f6e93962fb40ed751df98c7857d653b223676805e8853
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-17